Om webstedet

Innhold

Bruke webstedet

Denne internettløysinga er berekna for prosessar rundt søknad om barnehageplass. Løysinga byggjer på WAIstandardens tilrådingar (Web Accessibility Initiative) som er utarbeida av W3C (World Wide Web Consortium). WAI nyttast for at nettstaden til kommunen skal gjerast tilgjengeleg for alle, uansett personlege føresetnader. Systemet kan derfor køyrast utan tilleggskomponentar. Det er enkelt å forstørre innhaldet på sida ved hjelp av standardfunksjonar i nettlesaren. Navigasjon, struktur og utforming blir behandlalikt på alle sider.

Ein treng ikkje konto for å søkje barnehageplass, men brukaren må vere logga inn for å kunne sjå personleg informasjon og fylgje vidare sakshandsaming av søknaden sin om barnehageplass på internett. Alle søkjarar vil, kort tid etter at søknaden er registrert og stadfesta, få tilsendt brukarnamn og passord til den postadressa som er registrert av kommunen. Gjeld ikkje for kommunar som har teke i bruk ID-porten(MinID, BankID, Buypass, Commfides).

Når du skal fylle ut ein barnehagesøknad kan du starte med å sjå på detaljar om dei ulike barnehagane i kommunen og fylle din "handlekurv" med barnehagar som du kunne tenkje deg å søkje. Dette gjer du under menyen Barnehage. Desse plukkar du heilt fritt, uavhengig av profil og tilknyting til området. Barnehagar som du finn interessante og som du har lagt til, kan du hente fram igjen når du seinare skal fylle ut din søknad.

Finn på portalen

Bruk menyen "Barnehage" for å få oversikt over barnehagetilbodet i kommunen. Her blir alle barnehagane i kommunen presentert, både private og kommunale. Du kan bruke søkefeltet for å søke i Namn eller profil.

Oppvekstportalen er bygd med ulike hjelpetekster. Nokre av desse finn du som utdjupande tekster rett under overskriftene. Andre fins i hjelpebobler i høgremargen.

For å flytte deg på portalen, kan du trykkje på menyane eller bruke knappen "Neste".

Laste ned filer

Nedanfor ser du kva for nokre filformat som fins i portalen og kva for program du kan laste ned gratis for å kunne ta del i informasjonen.

Endre tekststørrelsen

Ved hjelp av din nettlesers innebygde funksjoner kan du endre størrelse på teksten. I de fleste moderne nettlesere gjør du dette ved å holde nede CTRL samtidig som du snurrer på musehjulet. Du kan også endre tekststørrelsen i nettleserens menyer.

Teknisk informasjon

Webapplikasjonen bygger på WAIstandardens anbefalinger (Web Accessibility Initiative), og er tatt frem av W3C (World Wide Web Consortium). WAI er tatt frem for at kommunenes websystem skal gjøres tilgjengelige for alle, uansett personlige forutsetninger. Systemet skal være kjørbart uten behov for tilleggskomponenter samtidig som det settes krav til innhold og layout. Det innebærer at XHTML 1.0 Strict benyttes for å strukturere innholdet og at stilark (CSS, Cascading Style Sheets) benyttes for å styre hvordan innholdet presentres.

Nettlesere

Oppvekstportalen gjer seg aller best i ein moderne nettlesar som har støtte for den nemnde standarden. eldre versjonar av nettlesarar viser same innhaldet, men utan formgiving.

Skript

Denne nettsiden benytter JavaScript enkelte steder i forbindelse med valg av dato og for å åpne visse typer lenker i nye vinduer. Ingen av disse funksjonene er kritiske for at nettsiden skal fungere.

Her finn du informasjon som kommunen er pålagt å informere om ved bruk av våre elektroniske tenester.

Postadresse: Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Telefon: 70188000

E-postadresse: post@giske.kommune.no

Besøksadresse: Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Oppvekstportalen brukar informasjonskapslar. Dette er små tekstfiler som blir lagra på din pc og gjer det mogleg å følgje med på kva du gjer på nettstaden.

Det fins to typer informasjonskapslar:

  1. Ein permanentkapsel blir liggande igjen på di datamaskin i ei bestemt tidsperiode.
  2. Ein sesjonskapsel blir lagra midlertidig i maskinminnet medan du er inne på nettstaden. Denne kapselen forsvinn når du lukkar nettlesaren.

Oppvekstportalen brukar berre sesjonskapslar. Om du ikkje aksepterer bruk av informasjonskapslar, kan du stenge av dette i sikkerheitsinnstillingane i nettlesaren din. For å bruke e-tenestene i Oppvekstportalen, må du akseptere informasjonskapslar. Du kan også stille inn nettlesaren din til å spørje kvar gong nettlesaren prøver å lagre ein kapsel.

Teknologirådet er eit uavhengig offentleg organ som skal identifisere viktige teknologiutfordringar og fremje ein brei offentleg debatt om moglegheiter og konsekvensar ved ny teknologi for samfunnet og for den enkelte. Du kan lese meir om informasjonskapslar (cookies) på deira nettstad: www.teknologiradet.no

Kommunen er ansvarleg for behandling av personopplysningar på denne nettstaden. Informasjon om korleis du kan kontakte oss finn du nederst på sida.

Kommunen behandlar personopplysningane dine:

  • for å kunne identifisere deg
  • for å administrere personopplysningane dine og vedlikehalde relaterte tenester som lister over søkjarar og tilhøyrande funksjonar.

Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis personvernet blir ivaretatt i samband med data som kommunen samlar inn gjennom denne webstaden.

Denne personvernerklæringa følgjer bestemmelsar i Lov om behandling av personopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Som brukar av nettstaden samtykker du til lagring av dei innsamla data om deg. Samtykket blir gitt som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane, jf personopplysningsloven § 2 nr 7.

Dersom du ønskjer ytterlegare informasjon om korleis personopplysningar du gir til kommunen ved denne nettstaden blir handsama, eller du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, kan du ta kontakt med den kommunale eininga som skal ha opplysningane, og som skal handsame saka.

Behandlingssansvarleg og databehandlar

Kommunen er eigar av informasjonen som blir samla inn, og er ansvarleg for behandlinga, jf personopplysningsloven § 2 nr 4-5. Det er den einskilde kommunalsjefen som er behandlingsansvarleg, men det daglege ansvaret ligg til leiinga ved den einskilde eininga.

IST AS er databehandlar av personopplysningar samla inn gjennom denne nettstaden. Eigartilhøvet blir regulert av ein eigen databehandlaravtale som sikrer konfidensialitet og integritet gjennom sikre løysingar og rutiner for sletting av informasjon ved overføring til kommunen.

Formålet med innsamling av personopplysningar

Dei innsamla opplysningene set kommunen i stand til å utføre sakshandsaminga si knytt til dine spørsmål. Dei innsamla opplysningane om deg blir registrert og handsama på same måte som om du hadde vendt deg til kommunen på papir.

Opplysningane vil berre bli brukt til sakshandsaming for det føremål spørsmålø gjeld.

Sensitive personopplysningar

Du må ikkje leggje inn sensitive personopplysningar i skjermdialogane. Sensitive personopplysningar kan vere opplysningar knytt til etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, opplysning om straffbare tilhøve, helseopplysningar og/eller medlemskap i foreiningar o.l. (jf personopplysningsloven § 2 nr 8). Du må heller ikkje leggje ved vedlegg som inneheld slik informasjon. Om du må avgje denne typen informasjon i samband med at du vender det til kommunen, må du ettersende dette per post. Informasjon om dette gis i skjermdialogane.

Innsamling, handsaming, lagring og vidareformidling av personopplysningar

Personopplysningar i samband med ei spesifikk sak er berre tilgjengelig for:

  • sakshandsamarar i kommunen som er involvert i saka
  • tilsette i kommunen som er involvert i sakea (utan direkte tilgang til sakshandsmingssystemet)
  • teknisk support i kommunen, dersom tekniske problem skulle dukke opp opp i handsamingssystema

Dersom kommunen har behov for å vidaresende saka til eit anna forvaltningsorgan, vil personen det gjeld bli informert, og løyve vil bli etterspurt for eventuell overføring av opplysningane.

Informasjonssystem og bruk av teknologi

Alle opplysningar som blir overført mellom datamaskina di, kommunen og databehandlarr sin(e) server(ar) blir transportert over ei sikra line (HTTPS/SSL).

Informasjonssystema våre er tilrettelagt for å handsame personopplysningar jf personopplysningsloven § 8 (ikkje-sensitive personopplysningar).

Rett til innsyn i, og endring/ sletting av personopplysningar

Dersom du ønsker innsyn i dei opplysningane som kommunen har lagra om deg, kan du vende deg til den kommunale eininga som handsamar den saka som opplysningane er avgitt i samband med. Du kan be om at opplysningar blir endra, retta eller sletta.